Klypa

Nyheiter

Sjå Thomas (og Kjellen) på NRK Førkveld

Artikkelbilde

Thomas N. Ryste vitja FørKveld i NRK, direktesendt frå Bergen fredag. Sjå sendinga her, og få ein film-smakebit av både klassisk og nytt Kjellen-materiale.

NRK Nett-TV 

Sjå klipp frå det nye showet "Laaangt over streken"

Artikkelbilde

Under "FILMAR" kan du no sjå ein ekslusiv smakebit frå det nye showet vårt: "Laaangt over streken"

Premiera er 10. september på Rust Club & Scene i Ørsta.

Kjøp billettar til premiera her!

Billettane til Ålesund-premiere er ute for salg

Artikkelbilde

Klypa har Ålesund-premiere på det nye showet "Laaangt over streken" 15. oktober.

Merk at billettsalget til desse showa foregår på www.billettluka.no og IKKJE på billettservice!!

Salget er godt i gong så ver rask med å sikre deg billett til eit legendarisk nytt show!

BESTILL BILLETTAR HER 

Kjempesuksess med Klypa i teltet

Artikkelbilde

Romsdals Budstikke skriver:

1.300 fikk plass i teltet - hundrevis kom ikke inn for å se Kjell Kjellen Bigseth i aksjon. 

Sunnmøringen ble stjerne gjennom hysteriske youtube-klipp, og nå har han kjempesuksess med Klypa-showet også på scenen.
Under Nordsjøfestivalen i Elnesvågen var interessen enorm for showet, og det var så fullt i teltet at arrangøren måtte stenge serveringen så lenge showet pågikk. De 1.300 inne i teltet skrattlo under hele forestillingen - fullt så artig var det ikke for de hundrevis av mennesker som ikke fikk plass inne i teltet. For arrangørene har årets festival vært en suksess fra ende til annen, og det var en svært fornøyd Thor Egil Dale som gikk rundt på festivalområdet lørdag kveld.

www.rbnett.no

Ny Kjellen-film klar for show

Artikkelbilde

Då er Kjellen-filmen til det nye showet ”Laaangt over streken” ferdig innspelt. Slik såg bil & campingvogn ut etter endt opptak!

 

Kjøp billettar til premiera her!

Premiere på Nytt Show 10.09.2010

Artikkelbilde

Fredag 10. september har Klypa premiere med heilt nytt show på Rust Club & Scene i Ørsta. Dette er det sjette showet i rekkja. Denne gongen har Kjellen prøvd seg på campinglivet, Palle gjer sitt beste for å få tilbake sertifikatet han har mista og Strila-Petter har byrja som krabbefiskar. Tradisjon tru går ikkje dette smertefritt føre seg. Som vanleg er livet og kvardagen ei stor utfordring for karakterane i Klypa.

Etter 19 månadar med forrige show på kryss og tvers i Noreg og meir enn 40.000 selde billettar er Klypagjengen klare med meir galskap. Klypa har fått ein stor tilhengjarskare rundt om i heile landet, noko som gjenspeglar dei 4 millionar nedlastingane på YouTube. Med det nye showet, som har fått tittelen "Laaangt over streken" har Klypa som mål å nå ut til eit enda breiare publikum. Det har vore gjort store tekniske investeringar for å gjere opplevinga for publikum enda eit hakk betre og showet komplett.

Du har ALDRI sett Kjellen, Palle og Strila-Petter i betre form. Så løp & kjøp eller som Kjellen ville ha sagt det: " Her e me seint ute allereide!!! "

KJØP BILLETTAR TIL PREMIERE- HELGA HER

Klypa fyllte Olavshallen

Artikkelbilde

Fredag 28.05.2010 fikk «barteby» møte de hardbarkede karakterene Palle, Strila-Petter og Kjellen live for første gang.

Les meir på Sunnmørsposten - smp.no

Tekst/bilde: Marius Beck Dahle

Palle på amcartreff

Artikkelbilde

Laurdag kjem Palle på Street Racet i Ørsta. 
Vi skal filme nytt materiale til det nye showet som har premiere i september. Palle skal kjøre eit par drag med Chevy`en også, så dette blir show!

Nytt Klypa-show September 2010

Artikkelbilde


 

Vi er i full gang med skriving og produksjon av det sjette showet i rekka. Nye filmsnuttar er undervegs (bildet syner Strila-Petter på krabbefiske) og karane frå Klypa gleder seg til nye festligheiter og eventyr. Klypa har som kjend 5-års jubileum i år og denne sommaren køyrer vi fleire ekstrashow rundt om på vestlandet. Trykk på "show" ovanfor for å sjå turnéplanen vår framover.

 

Klypa til Trondheim

Artikkelbilde

Etter voldsom etterspørsel kjem "Klypa 2009" til Trondheim og Olavshallen!

Klypa har vore på vegen sidan februar i fjor og hatt show og eventar omlag kvar helg. Sjølv om vi kjem med flunkande nytt show til hausten, spelar vi ei rekke ekstraforestillingar denne våren og sommaren. Mellom anna går altså turen til Trondheim. Vi gleder oss!

- fredag 28. mai i Olavshallen -

KJØP BILLETT HER

Nyheitsarkiv