Klypa

Premiere på Nytt Show 10.09.2010

Fredag 10. september har Klypa premiere med heilt nytt show på Rust Club & Scene i Ørsta. Dette er det sjette showet i rekkja. Denne gongen har Kjellen prøvd seg på campinglivet, Palle gjer sitt beste for å få tilbake sertifikatet han har mista og Strila-Petter har byrja som krabbefiskar. Tradisjon tru går ikkje dette smertefritt føre seg. Som vanleg er livet og kvardagen ei stor utfordring for karakterane i Klypa.

Etter 19 månadar med forrige show på kryss og tvers i Noreg og meir enn 40.000 selde billettar er Klypagjengen klare med meir galskap. Klypa har fått ein stor tilhengjarskare rundt om i heile landet, noko som gjenspeglar dei 4 millionar nedlastingane på YouTube. Med det nye showet, som har fått tittelen "Laaangt over streken" har Klypa som mål å nå ut til eit enda breiare publikum. Det har vore gjort store tekniske investeringar for å gjere opplevinga for publikum enda eit hakk betre og showet komplett.

Du har ALDRI sett Kjellen, Palle og Strila-Petter i betre form. Så løp & kjøp eller som Kjellen ville ha sagt det: " Her e me seint ute allereide!!! "

KJØP BILLETTAR TIL PREMIERE- HELGA HER

Artikkelbilde